B- Berekraft: Handler om å ta vare på seg sjølv, kvarandre og naturen. Me skal jobba med berekraft gjennom gjenbruk, kjeldesortering, fokus på å ta vare på ting og gi omsorg til omgjevandene og naturen.
A- Aktiv: Me skal vera i bevegelse og sosialt aktive gjennom turdagar, leik og glede.
R- Respekt: Me skal møte barna, foreldra og medarbeidarar med stor respekt. Me skal òg behandle omgjevnadene rundt oss audmjukt. Me skal vere danna i arbeidet vårt.
N- Nærheit: Me skal visa omsorg og nærvær gjennom å vera ei trygg hamn for barna.
A- Ansvar: I barnehagen er det viktig å ta ansvar, ikkje verre for seg sjølv men for fellesskapet og dei andre rundt oss. Me har eit felles ansvar for alle barn.