Satsingsområde - Sunt kosthald og fysisk aktivitet
Barnehagen skal legga til rette for at barna får kjenne på glede gjennom mat og bevegelse. Gjennom medvirkning i mat- og måltidsaktivitetar skal barna motiverast til å eta sunn mat og få ei forståing for kvifor sunn mat kan bidra til ei god helse. Barna skal og inkluderast i aktivitetar der dei kan få vera i bevegelse og oppleve motivasjon og meistring ut frå eigne føresetnader.